Laster Hendelser

« All Hendelser

Tolking og bruk av helsestatistikk i små utval – utfordringar og moglegheiter

mai 15 @ 09:00 - 15:00

Gratis

Hendelse Navigasjon

Døme på store geografiske skilnader illustrert med prevalensdata for fedme på kommunenivå i Nord-Trøndelag.

Fagseminar om «Tolking og bruk av helsestatistikk i små utval – utfordringar og moglegheiter».

Det kan vere utfordrande å vurdere både kvalitet og betyding av helsestatistikk. Dette er gjerne meir utfordrande i små utval som i mindre kommunar og ved sjeldne tilstandar.

Målet med fagseminaret er at du skal få ei forståing for korleis ulike helsedata blir til og korleis dei kan tolkast på ein balansert og nyttig måte. Framtidsretta analysemetodar der ein ser på korleis mange ulike faktorar dannar tolkbare mønster, heller enn å berre sjå på einskildfaktorar, blir presentert og drøfta.

Målgruppa er forskarar, studentar og andre som jobbar med helsestatistikk i små kommunar eller i forskingsstudiar med små utval. Det vert lagt opp til at deltakarane på seminaret kan delta aktivt med spørsmål og i plenumsdiskusjonar.

Forskarar frå Folkehelseinsituttet, Høgskulen på Vestlandet, Samhandlingsbarometeret og Universitetet i Bergen bidreg med førelesingar om temaet.

Program 

Meld deg på her (gratis) (frist 10 mai)

Arrangør: Forskargruppa folkehelse, livsstil, overvekt (Høgskulen på Vestlandet/Helse Førde), (i samarbeid med Samhandlingsbarometeret,  Folkehelseinstituttet, Helse Bergen og Universitetet i Bergen).

Detaljer

Dato:
mai 15
Tid
09:00 - 15:00
Kostnad:
Gratis

Arrangør

John Roger Andersen
Telefon:
48278186
Epost:
johnra@hvl.no
Hjemmeside:
https://www.hvl.no/person/?user=2400014

Sted

Fanaråken, Høgskulebygget på Vie