Laster Hendelser

« All Hendelser

Samhandlingskonferansen 2019

april 3 @ 10:00 - april 4 @ 13:00

Tid: 3. april kl. 10.00 til 4. april kl. 13.00

Stad: Thon Hotel Jølster, Skei

Tema for årets konferanse er «Framtidas pasient – Den moderne helsearbeidaren». Endeleg program og påmelding finn du her.

Konferansen er basert på eit samarbeid mellom dei store offentlege organisasjonane i fylket som Helse Førde, KS, Høgskulen på Vestlandet, fylkeskommune og fylkesmann.

Målgruppa er politisk og administrativ leiing i kommunane, leiarar, helsepersonell og andre tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, leiing, helsepersonell og andre tilsette i spesialisthelsetenesta, brukarrepresentantar og andre interesserte. Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt på tvers av kommunegrenser og sektorar for denne store gruppa brukarar, fagfolk og leiarar.

Erfaringsmessig samlar ein om lag 200 deltakarar på kvar av konferansedagane. Dette kan du ikkje gå glipp av, så sett av tida, og reserver datoen i kalendaren din allereie no!

 

Detaljer

Start:
april 3 @ 10:00
Slutt:
april 4 @ 13:00

Sted

Thon hotell Jølster, Skei