Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Samhandling i vekslingsfelta – heilskaplege og koordinerte helsetenester

mars 14 - mars 15

Samhandlingskonferansen i år ber namnet «Samhandling i vekslingsfelta – heilskaplege og koordinterte helsetenester». Konferansen har som mål å bidra til god kultur for samhandling på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, gi kunnskap gjennom gode innlegg og drøftingar, synleggjere døme på innovative satsingar, god praksis og teknologiske mulegheiter; mellom anna.

 Målgruppa for konferansen er politisk og administrativ leiing i kommunane, leiarar, helsepersonell og andre tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, leiing, helsepersonell og andre tilsette i spesialisthelsetenesta, brukarrepresentantar og andre interesserte. 

 Tema under konferansen: 

Habilitering og rehabilitering på tvers av nivå og sektorar – Bente E. Moe, Helsedirektoratet
Samhandling mellom ideologi og sosiale hierarki – Rolf Horne
Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Vest – Merethe Boge, Helse Vest
Korleis jobbar vi med tilboda til menneske med samansette behov i Sogn og Fjordane? – Kristine Brix Longfellow, Helse Førde
Ei god rehabiliteringsteneste med framtidsretta løysingar – Kari Ingeborg Bukve, Luster kommune
Frå kaos til linjer – brukarrepresentant Sindre Roska
«Å bli gamal i eigen heim» – Heidi Munch Starheim, Eid kommune/Anne-Grethe Halding, HVL
Korleis lukkast vi med å få alvorleg psykisk sjuke ut i jobb – individuell jobbstøtte – Karen Skretting Hovlid, jobbstøtte i Sogn
Pakkeforløp psykisk helse og rus – Helsedirektoratet
Kortreist co-produksjon – brukermedvirkningens potensial – Tone Larsen/Benjamin G. Rouen, HVL
«Eg vil gå sjølv, men gå med meg» – brukarrepresentant Dorte Gytri
Kva veit vi om behova til pårørande til eldre heimebuande med psykiske lidingar? – Hanne Marie Heggdal, HVL
«Leve hele livet» – helse- og omsorgsminister Bent Høie
«Likeperson og likebehandlar» – samtale mellom Bent Høie og Christina Stæger Breisnes
«Motarbeidaren» Halvor Haukerud

Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt for denne omfattande gruppa. Her møtast leiarar, brukarar, fagfolk og kollegaer på tvers av kommunegrenser og sektorar. Konferansen er eit årleg fellesarrangement mellom dei fleste samfunnsaktørane i fylket knytt til helseområdet: Helse Førde, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet.

Meir informasjon, program og påmeldingsside: http://www.ks.no/kalender/sogn-og-fjordane-samhandlingskonferansen-2018/

Påmeldingsfrist: 16. februar 2018
Påmeldinga er bindande!

Detaljer

Start:
mars 14
Slutt:
mars 15
Hjemmeside:
http://www.ks.no/kalender/sogn-og-fjordane-samhandlingskonferansen-2018/

Sted

Thon hotell Jølster, Skei