Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Karrieredag. Onsdag 16. mai 2018, Campus Førde

mai 16 @ 08:15 - 16:00

Bakgrunn for dagen 

Fusjonsavtalen for Høgskulen på Vestlandet slår fast at den nye høgskulen skal ha ein klar ambisjon om å bli universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Kunnskapsdepartementet stiller høge krav til institusjonar som ynskjer å bli universitet når det gjelder kompetanse i fagmiljøa.  

Det er ei stor utfording som ligg føre oss, og tida er knapp. Men dette utløyser også gode moglegheiter for tilsette som ynskjer å auka sin kompetanse! Skal du søka opprykk eller går du med tankar om å søka opprykk, då er Karrieredagen noko du absolutt bør få med deg. Og ikkje minst, du treffer dei andre i ditt miljø som går med same planar. Kanskje kan de jobba saman?  

Informasjon om dagen:  

Workshopar 

Dagen startar med ein felles introduksjon om akademisk karrierepolitikk i HVL. Frå klokka 09:45 deler me i fem sesjonar. Dette for å spissa informasjon og rettleiing direkte mot akkurat dei det er relevant for.  Målet med workshopen er at du skal  komme lengre i å bygga di akademiske karriere.   

Workshopane for førstelektor, dosent og professor har to deler, kvar på ein time. Del ein er open for alle, del to er det påmelding til, sjå under. 

Påmelding  

Dette er berre påmelding til delane der det står «For dei som har sendt inn CV». Her  ein senda inn CV-en sin i forkant for å delta. Fristen for å senda inn CV er 6. mai. Sjå meir informasjon ang CV på siste side.  

Program for dagen  

 08:15- 09:30 Akademisk karrierepolitikk i HVL 

ved Prorektor for forsking ved HVL, Gro Anita Fonnes Flaten
Målgruppe: ALLE
Stad: Auditorium Førde 

09:45-11:45 Førstelektor
Målgruppe:  Hovudsakleg for deg som planlegg eller vurderer å søka opprykk til førstelektor
Stad: Kinnaklova/ Kvamshesten 

Vegen til førstelektoropprykk 
Leiar for Senter for helseforsking førstelektor Marit Solheim
Førstelektor Aud Berit Fossøy

For dei som har sendt inn CV:
Me deler i to grupper:
Ingeniør – Førstelektor Marcin Fojcik og Prodekan for forsking ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN), Førsteamanuensis Erik Kyrkjebø, leier denne gruppa
Helsefag – Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll og førstelektor Marit Solheim leier denne gruppa  

12:00-13:00 Informasjon om ph.d-grad 
Målgruppe: Hovudsakleg er dette er for deg som går med tankar og ynskje om ein ph.d-utdanning
Stad: Møterom Jølstra  

Korleis jobba fram og søka midlar til ditt ph.d-prosjekt:
Professor John Roger Andersen og ph.d-student Kirsten Indrebø  

12:00-14:00 Ph.d.-stipendiat
Målgruppe: Hovudsakleg er dette er for deg som er i eit ph.d-løp
Stad: Kinnaklova/ Kvamshesten  

Bygge nettverk som ph.d-student – lokalt, nasjonalt og internasjonalt
Stipendiat Hege Kristiansen  

Livet etter ph.d. Kvar går vegen vidare?
Professor Geir Kåre Resaland

Internasjonalisering i ph.d-utdanninga
Prorektor for forsking Gro Anita Fonnes Flaten 

Diskusjon 

 

14:00 –16:00 Dosent 
Målgruppe: Hovudsakleg for deg som planlegg eller vurderer å søka opprykk til dosent
Stad: Kinnaklova/ Kvamshesten 

Vegen til dosentopprykk: 
Dosent Astrid Karin Elde Berland (via Skype) 

For dei som har sendt inn CV:
Me deler i to grupper:
Ingeniør –  Prodekan for forsking på FIN Førsteamanuensis Erik Kyrkjebø leier denne gruppa
Helsefag – Dosent Astrid Karin Elde Berland, Campus Haugesund, leier denne gruppa (via Skype) 

 

14:00 –16:00 Professor
Målgruppe: Hovudsakleg for deg som planlegg eller vurderer å søka opprykk til professor
Stad: Rom Nygård 

Vegen til professoropprykk: 
Professor John Roger Andersen  

For dei som har sendt inn CV:
Me deler i to grupper:
Ingeniør –  Prodekan for forsking ved FIN Førsteamanuensis Erik Kyrkjebø leier denne gruppa
Helsefag – Professor John Roger Andersen og professor Christian Moltu leier denne gruppa
 
Informasjon om CV:  

For å  delta på del «For dei som har sendt inn CV» er det eit krav at du deler CV-en din. Du må sender inn CV-en din innan 6.mai til kjersti.gausvik@hvl.no. Merk e-posten med kva del du skal delta på (t.d. Førstelektor). Ta med ein utskrift av CV-en din til sjølv møte. 
Skal du berre delta på del informasjonsdelen, skal du ikkje sende inn CV-en din.  

CV-en bør innhalda følgjande: liste over publikasjonar, oversikt over prosjekt du deltek i, liste over forbetringsarbeid du har vore involvert i og rolla du har hatt i desse  (t.d. prosjekt ein har fått samarbeidsmidlar på eller eksternfinansiering ein har fått)  og anna du tenkjer er relevant i forhold til din opprykks-søknad. CV-en må ha eit format som gjer den er lett å lesa. 

 Så sit ein til to med relevant kompetanse saman med gruppa og gir rettleiing på/diskuterer kva den enkelte bør jobbe vidare med for å kunne søka opprykk.   

Målsetting: Komme lengre i å bygga eiga karriere.   

 

 

 

  

 

 

 

 

Detaljer

Dato:
mai 16
Tid
08:15 - 16:00

Sted

Høgskulebygget på Vie