Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Invitasjon til Mastermøte

april 17 @ 12:00 - 15:00

Tid: 17. april 2018 kl. 12.00-15.00
Stad: Møterom Patologisk avd, 2. etg FSS
Målgruppe: Tilsette i Helse Førde eller kommunane med bachelor/grunnutdanning i helse- eller sosialfag som har masterutdanning eller er i gang med masterutdanning, leiarar, andre interesserte.

Program:
• Pasientrapporterte data – berekning av klinisk relevant forbetring (MCII)
Presentasjonen dreier seg om korleis ein kan nyttiggjere seg av pasientrapporterte data i praksis; til klinisk relevant forbetring, major clinically important improvement (MCII). Torbjørn Wiken er student ved Master i klinisk helsevitenskap og er knytt til eit stort prosjekt som samlar data om fysioterapeutar og pasientar i primærhelsetenensta. Prosjektet er eit ledd i FYSIOPRIM, eit nasjonalt forskingsprogram om muskel- skjelettlidingar og fysioterapi i primærhelsetenesta. Torbjørn sitt masterprosjekt har fokus på skuldersmerter.

• Traineeprogram for sjukepleiearar – evaluering
Traineeprogrammet for sjukepleiarar er eit samarbeid mellom Helse Førde, kommunane Førde og Flora, og Høgskulen på Vestlandet. Prosjektet starta i 2012 og er no i ordinær drift. USHT v/ Liv Janne Bell Jonstad har gjennomført ei evaluering av programmet. Føremålet med studien var å kartlegge korleis programmet har påverka sjukepleiarane sin samhandlingskompetanse, deira forståing for heilskapen i helsevesenet og i kva grad dei har fått auka fagleg og personleg tryggleik i sjukepleiaryrket. Liv Janne er utdanna sosionom med master i administrasjon og leiing, og tilsett i eininga fagutvikling og koordinering i Førde kommune.

• «Veg og prosess frå fagleg interesse til masterstudie»
Ewy Katrin Førde Moen er kardiologisk sjukepleiar ved medisinsk poliklinikk ved sentrasjukehuset i Førde. Ho tek master i klinisk sjukepleie, kardiologi. Framlegget tek føre seg vegen gjennom arbeidserfaring, interesse, vidareutdanning, nye oppgåver og formidling. Prosjektplan er under arbeid og blir presentert. Ewy ynskjer gjerne tilbakemeldingar. Temaet for masteroppgåva: Korleis opplever pasientane som får implantert pacemaker og reiser heim same dag med telemonitorering, tida frå implantasjon til 6-8 vekers kontroll?»

• Open post/frie innlegg. Send e-post innan 11. april til marta.strandos@forde.kommune.no om du ønskjer ha innlegg eller ta opp eit tema. Oppdatert program vert sendt ut før samlinga.
• Informasjon om stipend og andre utlysingar, neste møte
Påmelding innan 14. april ved å akseptere Outlook-innkalling, eller til marta.strandos@forde.kommune.no.

Om Mastermøtet: Tilsette med bachelor i helse/sosialfag som tek masterutdanning er ein viktig ressurs for kommunen eller Helse Førde. Det er eit mål at utdanninga og kompetansen ein får skal vere til nytte og glede for både arbeidsgjevar og den enkelte person.

 Målet med forumet er å bidra til at tilsette med master og masterstudentar kan bruke og vidareutvikle kompetansen sin der ein jobbar.
 Presentasjon av masterprosjekt og andre typar arbeid, enten under planlegging, i gjennomføringsfasen eller som resultat. Metodediskusjonar og diskusjonar om andre aktuelle spørsmål. Diskusjon og spørsmål etter kvart innlegg.
 Ein plass der vi er «kritiske og kompetente vener» for kvarandre.
 Tips og råd i arbeid med masteroppgåve, andre prosjekt eller karriereutvikling.
 Arena for å utvikle nettverk med andre masterstudentar eller andre med masterkompetanse.
 Arena for å lufte/drøfte prosjektidear og finne personar å samarbeide med.
 To møter pr år.

Praktiske opplysningar
 Vi serverer kaffi/te og litt sunn sjokolade. Ta gjerne med matpakke.
 Pause ca. kl. 13.30

Programkomite
Kristin Vassbotn Guldhav kristin.vassbotn.guldhav@helse-forde.no
Marte Bale marte.bale@helse-forde.no
Marta Strandos marta.strandos@forde.kommune.no
Marit Solheim marit.eva.solheim@helse-forde.no

John Roger Andersen deltek også i møtet.

Spørsmål? Ta kontakt med nokon i programkomiteen.

Påmelding innan 14. april ved å akseptere Outlook-innkalling, eller til marta.strandos@forde.kommune.no.

Velkommen!
Send gjerne invitasjonen vidare til aktuelle, og tips oss om aktuelle!

Detaljer

Dato:
april 17
Tid
12:00 - 15:00