Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Invitasjon til Mastermøte

14/11/2017 @ 12:00 - 15:00

Målgruppe:  Tilsette i Helse Førde eller kommunane  med bachelor/grunnutdanning i helse- eller sosialfag om har masterutdanning eller er i gang med masterutdanning, leiarar, andre interesserte.

Program:

  • Kvalitet på fødetilbodet for kvinner i Nordfjord etter omlegging til «God start». Bakgrunn for Beate S. Håkonsen sitt masterprosjekt var m.a. at nokre politikarar hevda at «God start» var eit godt tilbod, utan at verken dei tilsette eller fødande hadde blitt spurde. Beate vil presentere metode, korleis ho løyste nokre utfordringar i prosjektet, og resultat. Vidare vil ho komme inn på problemstillingar knytt til å få ei «bestilling» frå arbeidsgjevar om å gjere ei slik undersøking, slik ho fekk. Beate har master i organisasjon og leiing.
  • Dagsentertilbod– eit pusterom i kvardagen. Korleis kompetansen frå master vert brukt i kommunen.  Kari-Anne Tisthamar Haveland er den einaste i pleie og omsorg i Stryn kommune med master, og har som mange andre teke masterutdanninga «på eiga kappe». Ho vil m.a. bidra med erfaringar om korleis ho har jobba for at arbeidsgjevar skal bli merksam på hennar prosjekt, slik at både resultatet og kompetansen hennar kan bli nytta. Ho er no fagansvarleg ved to nyoppretta dagsenter. Karianne har master i samhandling innan helse- og sosialtenester.
  • Pasientrapporterte data – berekning av klinisk relevant forbetring (MCII). Presentasjonen dreier seg om korleis ein kan nyttiggjere seg av pasientrapporterte data i praksis; til klinisk relevant forbetring, major clinically important improvement (MCII). Torbjørn Wiken er student ved Master i klinisk helsevitenskap og er knytt til eit stort prosjekt som samlar data om fysioterapeutar og pasientar i primærhelsetenensta. Prosjektet er eit ledd i FYSIOPRIM, eit nasjonalt forskingsprogram om muskel- skjelettlidingar og fysioterapi i primærhelsetenesta. Torbjørn sitt masterprosjekt har fokus på skuldersmerter.
  • Likeverdige helsetenester – uansett kvar i landet du bur? Helseatlas er eit verktøy for å samanlikne variasjon i bruken av helsetenester i forskjellege geografiske område, og kan m.a. brukast både i forbetringsarbeid. Helse Førde har saman med Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) fått i oppgåve å utvikle ei nasjonal helseatlasteneste www.helseatlas.no. Det er nyleg kome eit Eldrehelseatlas, som ser på variasjonar i eldre sin bruk av spesialisthelsetenester. Eldreatlaset er utarbeidd av SKDE. Marte Bale informerer om eldrehelseatlaset.
  • Informasjon om stipend og andre utlysingar, anna aktuell informasjon, neste møte. Dette er Mastermøte: Tilsette med bachelor i helse/sosialfag som tek masterutdanning er ein viktig ressurs for arbeidsplassen! Målet med møtet er å bidra til at tilsette med master og masterstudentar kan bruke og vidareutvikle kompetansen sin i eigen organisasjon. Presentasjon av masterprosjekt i ulike fasar (under planlegging, undervegs, resultat) og andre typar arbeid, og tid til diskusjon, tips og råd. Eit møte kvart halvår. Komite: Kristin Vassbotn Guldhav, Marte Bale, Marta Strandos og Marit Solheim.

Detaljer

Dato:
14/11/2017
Tid
12:00 - 15:00

Sted

Møterom patologisk avdeling Førde Sentralsjukehus 2. etg