Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Informasjonsmøte og Workshop om Samarbeidsmidlane

februar 13 @ 12:15

Til institusjonar, kommunar og avdelingar som har studentar frå Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde (tidelegare Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag)

 Informasjonsmøte og Workshop om Samarbeidsmidlane

Midlane skal gå til samarbeidsprosjekt mellom høgskulen og praksisfeltet som kjem studentane til gode. Det skal vere utviklingsprosjekt knytt til praksisundervisning og/eller fagutvikling eller forsking. Målgruppe for møta er alle som vurderer eller planlegg å søkje om Samarbeidsmidlar

Informasjonsmøte

Tid: 13. februar 2018 12:15-13:30 (Oppkopling til virtuelt møterom frå kl. 12:10) 

Stad: FSS, auditoriet.
Ingen påmelding

Høve til å delta på informasjonsmøtet via virtuelt møterom. Ringje opp via videostudio: 997904 Ringje opp via Lync: 999469 – Alternativ adresse 999469@uc.nhn.no

Program
Kva kan ein søkje om og kva skal til for å få samarbeidsmidlar?
Døme på prosjekt i kommune- og spesialisthelsetenesta som har fått midlar v/ Ellen Katrine Bøe Helse Førde og Berit Ullebust, Utviklingssenter for heimetenester og sjukeheimar i Sogn og Fjordane
”Eg har ein ide. Kva gjer eg vidare?” Tips og råd.
Diskusjon: Prosjekt vi kan utvikle saman på tvers av avdelingar og helsetenestenivå?
Tid til spørsmål.

 På møtet deltek Ellen Katrine Bøe, Helse Førde, Berit Ullebust, Utviklingssenter for heimetenester og sjukeheimar i Sogn og Fjordane, Marit Solheim, Høgskulen og Helse Førde og Kjersti Gausvik, Høgskulen.

Workshop

Tid: 13.februar 2018 kl. 13:30-15:00

Stad: FSS, auditoriet.
Etter  informasjonsmøte inviterer vi til workshop der vi saman  jobbar med ideutvikling, søknad og utforming av prosjekt.

 

Målsetjing med workshopen er at du som  har idear om  prosjekt eller held på å planlegge ein søknad, kjem vidare i  utvikling og forbetring  av ideen samarbeidsprosjektet. Kanskje kan du i løpet av workshopen også finne gode samarbeidspartar?  Marit Solheim og Kjersti Gausvik leier workshopen.

Påmelding til workshopen gjerast til  Kjersti Gausvik innan 12.02, kjersti.gausvik@hvl.no, 57767644

Utlysingstekst, søknadsskjema med meir vert lagt ut her: https://www.hvl.no/praksisfeltet/praksisfeltet-i-sogndal-og-forde/samarbeidsmidlar-campus-forde/

NB! Legg merke til at det er utlysingen frå i fjor (skuleåret 2017-2018) som er lagt med. Me jobbar med den nye framleis, det vil truleg ikkje verta store endringar.
Frist for å søkje samarbeidsmidlar : 1.april 2018

 

Detaljer

Dato:
februar 13
Tid
12:15

Sted

Auditoriet Førde Sentralsjukehus, 2. etg
Svanehaugvegen 2
6812 Førde,
+ Google Map