Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Fjordkonferansen 2018

juni 21 - juni 22

Temaet for Fjordkonferansen 2018 er «Modellar». Ein modell gir eit forenkla bilete av røyndomen. Dette inneber at modellen fokuserer på dei trekk som ein meiner er vesentlege, samtidig ein ser bort frå trekk som ein ser på som uvesentlege. Derfor vil ein modell aldri gi ein fullkomen representasjon av røynda. Ein vitskapeleg modell har som mål å studere samanhengar mellom utvalte eigenskapar for betre å kunne skjøne, skildre og forklare samanhengane, eller for å prognostisere årsak-/verknadseffektar. Modellar kan inndelast på ulike måtar (fysiske, konseptuelle, grafiske, matematiske, etc.). Det finst mange ulike taksonomiar. Brukar ein omgrepet som søkeord i NTNU Universitetsbiblioteket, får ein nærare 25 millionar treff. Ein finn fort ut at omgrepet «modell» har mange tilnærmingar. Arrangørane er i utgangspunktet opne for alle relevante tilnærmingar til eit så breitt tema, men vi har gjort oss opp tankar om nokre aktuelle undertema:

Bruk av ein modell for handtering av eit eller fleire problem
Samanlikningar av fleire modellar som handterer same problemstillingar
Revjuartiklar (utviklinga av modellar over tid, taksonomiar, etc.)
Systemdynamiske modellar, pedagogiske modellar, forretningsmodellar, etc.)
Anna (føreslå nye tema innanfor hovudtemaet)

Abstrakt (inntil 250 ord) skal sendast til Johanne Vågø Hoff (johanne.v.hoff@ntnu.no) seinast torsdag 15. februar 2018.

Detaljer

Start:
juni 21
Slutt:
juni 22
Hjemmeside:
http://fjordkonferansen.no/

Sted

NTNU Campus Ålesund
Ålesund, Norge + Google Map