Senter for helseforskning i Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Denne nettstaden er ein informasjonsplattform for forsknings- og utviklingssamarbeidet mellom helseføretaket og høgskulen. Målet med samarbeidet er å styrka utvikling og forsking innan helsetenesta i Sogn og Fjordane gjennom å etablera eit felles forskingssenter, som skal bidra til å:
    • Auka omfanget av helseforsking og utviklingsarbeid innan breie nasjonalt og regionalt prioriterte område.
    • Auka omfanget av generell helsetenesteforsking innan breie nasjonalt og regionalt prioriterte område, men og utviklingsområder som er særskilt knytt til lokale forhold i Sogn og Fjordane.
    • Gjera samarbeidsinstitusjonane fagleg meir konkurransedyktige nasjonalt og internasjonalt.
    • Styrka den faglege forskings- og utviklings(fou)-aktiviteten på samarbeidsinstitusjonane.
    • Gjera arbeidsplassar i samarbeidsinstitusjonane meir attraktive

Forskingsgrupper

Fire forskingsgrupper er organisert under Senter for helseforsking. Desse er: Folkehelse, livsstil og overvekt, Kvalitet og innovasjon i eldreomsorg, Psykisk helse og rus og Samhandling i helse- og sosialtenestene. Forskingsgruppene er ein felles arena der fag- og forskingsinteresserte kan møtast, utveksle kunnskap og idear og utvikle prosjekt på tvers av institusjonar og fagbakgrunn. Kvar gruppe har ein leiar som sjølv deltar aktivt med FoU innan feltet. Noken prosjekt kan inngå i fleire grupper, og fleire av forskarane vil og delta i forskingsgrupper i andre fagmiljø i eller utanom høgskulen og Helse Førde.

grafikk fou-områder v2

Kva gjer vi?

Senteret er ein pådrivar i høve vedteken forskingspolitikk og strategi for Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. I samarbeid med andre delar av Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet skal senteret bidra til å utvikle støttefunksjonar og tilbod for å auke FoU-kompetansen.

Senter for helseforsking skal byggje bru imellom aktuelle forskingsmiljø hos samarbeidspartnerane, og lette tilgangen til samarbeidsinstitusjonane sin kompetanse og nettverk. Senteret har ei pådrivarrolle, gjer informasjon og rettleie om finansierings mogleikar og videreutvikler nettverk mot forskingsfinansierende organer og andre forskingsnettverk.

Senteret tilbyr kompetansehevingstiltak og bidrar til å utvikle støttefunksjonar for å øke FoU-kvalitet. Vi organiserar kurs i t.d. akademisk skriving, søknadsskriving, forskingsmetode, statistikk, aktuelle regelverk og programvare brukt i forsking.

Samordningsgruppe

Samordningsgruppa for Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane er samansatt av to leiarar frå Helse Førde og to leiarar  frå Høgskulen på Vestlandet og forskingsleiar for senteret,

Samordningsgruppa har fokus på å auke samarbeid, aktivitet og kvalitet på forskinga ved dei to samarbeidande institusjonane, og har ansvar for å initiere fagleg utvikling og eit felles fagmiljø innan helseforsking ved Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Samarbeidsorganet skal også initiere søknader om FoU-prosjekt og faglege samarbeidsprosjekt, og har ein rådgjevande funksjon i høve til leiing og styra i Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet.