Dei fleste heimesidene har god informasjon om tema/pasientgrupper, kva ein kan søkje om, fristar, vurderingskriterier, kontaktinformasjon med meir.

Fleire organisasjonar har nyheitsbrev/oppdateringar. Tips: Registrer deg for å motta desse.

Lista er ikkje uttømmande. Veit du om andre finansieringskjelder? Ikkje oppdatert informasjon? Ta kontakt med Senter for helseforsking, Kjersti Gausvik eller Guro Mjanger

DEN NORSKE LEGEFORENING
Dei fagmedisinske foreningane:
http://legeforeningen.no/Emner/Andre-emner/Forskning/forskningsmidler1/stipend-og-priser-fra-fagmedisinske-foreninger/
Fond for kvalitet og pasientsikkerhet: http://legeforeningen.no/Emner/Andre-emner/Fond-og-legater/Fond/fond-for-kvalitet-og-pasientsikkerhet/

DIABETESFORBUNDET
http://diabetes.no/helsepersonell/sok-midler/forskningsprosjekter/
Søknadsfrist er 1. februar kvart år.

EUROPEAN RESEARCH COUNCIL (ERC) – Grants
ERC grants support individual researchers of any nationality and age who wish to pursue their frontier research. The ERC encourages in particular proposals that cross disciplinary boundaries, pioneering ideas that address new and emerging fields and applications that introduce unconventional, innovative approaches. Søknadsfrist variere.
https://erc.europa.eu/

EXTRASTIFTESEN
http://www.extrastiftelsen.no
Medlemsorganisasjonane i Extrastiftelsen er frivillige organisasjonar med helse- og rehabiliteringsrelaterte formål, pasientorganisasjonar og funksjonshemma sine interesse-organisasjonar. Alle søknadane må gå gjennom desse medlemsorganisasjonane, dvs. at dei er søkjarorganisasjonen. Søkarorganisasjonen vurderer søknadane ut frå eigne målsettingar og krav til kvalitet, og tek standpunkt til om søknadane skal sendast vidare til Helse og Rehabilitering. ExtraStiftelsens søknadsfrist er, 15. mars og 15. september. Søkarorganisasjonane vurdera og godkjenne prosjektskisse og søknadar før det vert sende inn til ExtraStiftelsen, og har derfor eigne interne fristar. Fristane får du ved å kontakta søkarorganisasjonen du samarbeida med.

FONDET FOR FYSIOTERAPI
http://fysiofondet.no/ Stipend til forskningsprosjekt, kvalitetssikringsprosjekt, formidlingsprosjekt og til arbeid med prosjektbeskrivelse.

GJENSIDIGESTIFTELSEN
http://www.gjensidigestiftelsen.no/ Ein kan søke om midlar til prosjekt som fremmar eit tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn

HELSEDIREKTORATET
https://helsedirektoratet.no/tilskudd/ Lyser innimellom ut forskingsmidlar.

HELSE VEST
https://helse-vest.no/vart-oppdrag/vare-hovudoppgaver/forsking. Søknadsfrist er 15. september kvart år. I tillegg kan det vere andre fristar for ulike strategiske forskingssatsingar.
Ulike kompetansesenter i Helse Vest kan også lyse ut midlar. Sjå på nettsida til det enkelte kompetansesenteret. https://helse-vest.no/helsefagleg/regionale-og-nasjonale-tenester

HORISONT 2020
EU sitt rammeprogram 2014-2020 for forsking og innovasjon – Horisont 2020. Dette er ei svært stort program som m.a. inneheld der utlysingar innan helse. http://www.forskningsradet.no/prognett-horisont2020/Forside/1253988679397

NevSom
Nasjonalt kompetansesenter for nevroutviklingsforstyrrelser og hypersomnier
— ADHD, autisme, Tourettes syndrom og hypersomnier http://www.nasjkomp.no/index.asp?id=28362

KREFTFORENINGEN
http://www.kreftforeningen.no/forskning/soek_midler. Ulike utlysingsfristar. Har også linkar til andre finansieringskjelder innan kreft.

LEGAT
Fleire tusen stipend/legat/andre støtteordningar, det mange også kan bidra med forskingsfinansiering. Ein del av desse finansieringskjeldene har eigne heimesider.
a) Vedtektene gjev nøkkelinformasjon og kan søkjast opp her: https://lottstift.no/reporting/ReportingForFoundation.aspx
b) Legathåndboken: Utdrag: http://www.legathandboken.no/(utdrag). Papirversjonen er på biblioteket, der også informasjon om søknadsfrist, søknadsprosedyre og kontaktinformasjon

NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN
http://nasjonalforeningen.no/forskning/ Nasjonalforeningen for folkehelsen støtter forskning på demens og hjerte- og karsykdommer.

NASJONALT SENTER FOR DISTRIKTSMEDISIN
Program for distriktsmedisinsk fagutvikling og forskning (“Programmet”). http://www.nsdm.no/programmet/cms/39. Utlysing ein til to ganger årleg, med søknadsfristar vår og haust.

NORGESUNIVERSITET
Ein kan søkje om utviklingsprosjekt knytta til digitalisering ved universitet og høgskular. https://norgesuniversitetet.no/. Søknadsfristar er Vår: 15. Mars og haust: 15. September

NORGES FORSKNINGSRÅD (NFR)
http://www.forskningsradet.no Her vert aktuelle utlysingar lagt ut: http://www.forskningsradet.no/no/Finn_utlysninger/1173268235938
Forskningsrådet har seks hovudsøknadsfristar i året. Det kan unntaksvis vere andre søknadsfristar. Normalt nyttar eit program/aktivitet ein hovudsøknadsfrist i løpet av året. Enkelte program og aktivitetar har løpande søknadsfrist, det vil seie at søknadar vert behandla fortløpende. Programmet/aktiviteten lyser ut seinast seks veker før søknadsfristen, men utlysinga vil før det ofte bli lagt ut som ei planlagt utlysing. http://www.forskningsradet.no/no/Frister/1183468209183
Hovedsøknadsfrister 2017
• 15. februar
• 26. april
• 24. mai
• 6. september
• 11. oktober
• 22. november

NORSK SYKEPLEIERFORBUND
https://www.nsf.no/stipend/artikkelside/539625 ph.d-og postdoc-stipend, andre typar støtte td til master og konferansar. Nokre av midlane, m.a. støtte til konferansar, vert lyste ut fleire gongar årleg.

NORSKE KVINNERS SANITETSFORBUND
http://www.sanitetskvinnene.no/ Norske Kvinners Sanitetsforbund har forskingsfond som støttar prosjekt særleg innan kvinnehelse, barn og unge, psykisk helse og osteoporose. Utlysingane kan ha litt ulik vektlegging frå år til år (ulike fond).

NOVO NORDISK FONDEN
http://www.novonordiskfonden.dk/ Endokrinologisk forskning i Norden. Fleire søknadsfristar.

REGIONALE FORSKNINGSFOND
http://www.regionaleforskningsfond.no Fristar til ulike tider. Kan søkje om både forprosjekt- og hovudprosjektmidlar. I nokre høve kan ein søkje på forskingsfond frå andre regionar.

SENTER FOR INTERNASJONALISERING AV UTDANNING (SIU)
Fleire ulike program, hovud fokuset er samarbeid med institusjonar i andre land, der ein skal bidra til kunnskapsutveksling, internasjonalisering, mobilitet og innovasjon i utdanning. Søknadsfristar variera frå kva program ein ynskje å søke på. https://siu.no/Hoeyere-utdanning

SIDER DER DET VERT LAGT UT UTLYSINGAR
http://www.helsebiblioteket.no/for-forskere
http://legeforeningen.no/Emner/Andre-emner/Forskning/
http://www.nordeninfo.no/ Under «Nordiske støtteordninger» finst ei rekkje utlysingar der nokre er aktuelle for helse.

STIFTELSEN SOPHIES MINDE
http://www.ssm.no/Forskningsmidler-78s.html
Prosjekt relatert til habilitering og rehabilitering forstått som eit tverrfaglig og sektorovergripande virksomhetsområde. Styret i stiftinga avgjer når utlysing av midlar skjer.

STIPEND/POST. DOC-UTLYSINGAR VED UNIVERSITET OG HØGSKULAR
Sjå eigne utlysningar. På denne sida ligg det mange utlyste stipendiatstillingar i Norge og Europa: http://www.academicpositions.no/

SPAREBANKSTIFTELSER/SPAREBANKSTIFTINGAR
Sjå kriterium under dei ulike stiftingane (sjå under Legat). Ofte er det fokus på barn og unge og helsefremming/meistring.

UH-NETT VEST
http://uhnettvest.no/ Lyser ut såkorn- eller overrislingsmidlar. Søknadsfristane varierer.