I Noreg jobbar 130.000 menneske i helse- og sosialtenestene, og det offentlege brukar 95 milliardar kroner på desse tenestene kvart år. For forskarar er det viktig å dokumentere kor gode og effektive tenestene er.

samhandling

Forskingsgruppa for samhandling og kvalitet i helse- og sosialtenestene studerer både statlege og kommunale tenester og korleis desse tenestene fungerer saman. Dette er blitt eit svært aktuelt tema etter at Samhandlingsreforma knytte spesialisthelsetenesta, fastlegane og pleie- og omsorgstenesta i kommunane tettare saman. Forskingsgruppa legg særleg vekt på effektane av og innhaldet i sjølve tenestene. Dei ser òg på strukturane som pleie- og omsorgstenesta er ein del av.

Forskingsgruppa vart etablert i samband med at Høgskulen i Sogn og Fjordane oppretta ei masterutdanning i samhandling innan helse- og sosialtenestene i 2013.Det første kullet med masterstudentar vart uteksaminert i 2015. Per i dag omfattar forskingsgruppa om lag 15 personar frå områda helsefag og samfunnsfag. Leiar for forskingsgruppa er professor Maj Britt Råholm.

Forskingstema:

  • Samhandling mellom pasientar, pårørande og dei som yter pleie- og omsorgstenester
  • Kontinuitet og samhandling mellom tenestenivåa i helse-, sosial- og omsorgstenestene, med vekt på pasientforløp og kommunikasjon mellom dei ulike tenestenivåa
  • Korleis Samhandlingsreforma påverkar leiarar i den kommunale helse- og sosialtenesta
  • Dei tilsette sitt syn på kompetanse og utfordringar i spesialisthelsetenesta og kommunal helse- og sosialteneste etter innføringa av Samhandlingreforma
  • Brukarmedverknad i helse- og sosialtenestene, i kvalitetsutvikling og i forsking
  • Dei profesjonelle si rolle i å utvikle helse- og sosialtenestene vidare

    Klikk på bilde så vert det stort

Utvalde forskingsprosjekt

CareLead er eit skandinavisk forskingsprosjekt om leiarskap innan eldreomsorga. Forskarane kartlegg desse leiarane sin kompetanse og ser på kva rolle dei spelar når det gjeld kvalitetssikring og utvikling av eldreomsorga. Dei undersøkjer òg kor vidt god leiing kan vere nøkkelen til innovasjon i eldreomsorga, med særleg vekt på IT og nettverksbygging.

A Life in Dignity er eit skandinavisk samarbeidsprosjekt om verdigheit i pleie og omsorg. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet og blir leidd av Høgskulen i Oslo og Akershus.

NursComp er ei kartlegging av fagleg kompetanse hjå sjukepleiarar i Sogn og Fjordane. Studien fangar opp både korleis sjukepleiarar, leiarar, pasientar og pårørande oppfattar kompetansen til sjukepleiarar i eldreomsorga. Prosjektet er internt finansiert.

Prosjektet Brukarbaserte oppfølgingstenester for personar som lever med KOLS går ut på å dokumentere KOLS-pasientane sine ønske og behov for oppfølging. Ein brukar (KOLS-pasient) er med i prosjektet. Dei eksterne midlane kjem frå Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering via Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)

CONCARD er ein pasientstudie om kontinuitet i helsetenesta som tek for seg korleis pasientar som har gjennomgått PCI-blokking blir følgde opp etter opphald i spesialisthelsetenesta. Prosjektet nyttar både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar.