Mange menneske som slit med rusavhengigheit har også psykiske lidingar. Difor må behandlinga av rusavhengighet og psykisk sjukdom sjåast i samanheng, og det same gjeld forskinga på behandlingsmåtar.

Smiling young woman sitting on a chair and working on a computer laptop in her house

Forskingsgruppa for psykisk helse og rus ser særleg på korleis ein kan sikre at pasienten verkeleg har utbyte av behandlinga ho eller han får. Dersom behandlaren får eit godt bilete av pasienten sin tilstand, kan behandlinga tilpassast. Psykiatrisk klinikk i Helse Førde har sidan 2013 utvikla eit prosjekt der ein spør alle pasientar om å delta i ei digital eigenrapportering i forkant av kvar time på klinikken. Svara deira kan framstillast grafisk så behandlaren og pasienten kan drøfte tilstanden. Opplysningane blir deretter overførte elektronisk til journalen, der dei blir lagra.

Slike kliniske tilbakemeldingssystem og eit tilhøyrande kvalitetsregister har vist seg å fungere godt når det gjeld å vurdere effekt av behandling og kva slags behandling som passar for kven. Pasienten får også større innverknad på behandlinga og maktbalansen i behandlingssituasjonen blir til ei viss grad utjamna. For forskarane gir denne registreringa eit verdifullt datagrunnlag for klinisk effektforsking og prosessforsking.

Brukarmedverknad er òg kjernen i det andre området forskingsgruppa for psykisk helse og rus arbeider med. Å invitere innlagde pasientar til å påverke ulike sider ved tilbodet, kan vere eit verkemiddel for å heve kvaliteten på tenestene. I tillegg har medverknad ein terapeutisk verdi. På russengeposten i Helse Førde har ein utvikla ein heilt ny leiingsmodell etter dette prinsippet.

Klikk på bilde så vert det stort.

Denne leiingsmodellen inneber jamlege møte mellom dei innlagde, personalet og leiinga. På desse møta kjem partane fram til ein konkret plan om endringar som så blir gjennomførte i praksis. Det er eit sentralt premiss at involveringa skal vere reell og at alle partane i slike møte blir rekna som likeverdige. Senter for helseforsking har fått tildelt midlar frå UH-nett Vest til å etablere eit samarbeidsforum om brukarmedverknad på Vestlandet.

Forskingsgruppa for psykisk helse og rus har om lag 20 medlemmar; av desse er 5 PhD-stipendiatar. Målet er å auke opp aktiviteten i forskingsgruppa med fleire PhD-stipend. Gruppa er leidd av Christian Moltu, fagsjef og psykologspesialist ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde. Psykisk helse og rus er eit strategisk forskingsområde i Helse Førde, og får difor tilført ekstra midlar.

Utvalde prosjekt

Korleis verkar rutinemessig utkommemåling (ROM) i psykisk helsevern – ein kvalitativ studie: Prosjektet går ut på å undersøke korleis pasientar og behandlarar opplever implementering og bruk av behandlingssystemet NORSE (Normative Outcome System for Evaluation). Målet er å betre utfallet av pasientbehandling. PhD-prosjektet er i regi av Runar Hovland.

Brukarmedverknad innanfor miljøterapi i psykisk helsevern: Prosjektet er kvalitativt, og vert planlagt, utarbeidd og gjennomført saman med ei medforskargruppe som inkluderer både brukarar med eigarerfaring og forskarar. PhD-prosjektet blir utført av Kari Eldal.

Kvalitativ studie av pasientars opplevingar av Helse Førde sitt kliniske tilbakemeldingssystem for psykisk helsevern: Prosjektet inneber å filme terapitimar der tilbakemeldingssystemet vert brukt og deretter gjere intervju med pasientar medan ein spelar av filmopptaket. PhD-prosjekt ved Stig Magne Solstad, psykolog i spesialisering.

Personal- og brukarmedverknad i tenesteutvikling: Prosjektet går ut på at pasientar, personell, leiarar og forskarar saman skapar ein metode som sikrar brukarmedverknad. Studien blei gjennomført i ei tverrfagleg, spesialisert eining for rusbehandling i Førde . PhD-prosjekt i regi av Tone Larsen.

The Art and Science of Conducting Psychotherapy: Internasjonalt forskingsprosjekt med forskarar frå Skottland, USA og Noreg (norsk del finansiert av UiO og Helse Vest). Prosjektet går i djupna på viktige endringsprosessar ved psykologisk behandling. Christian Moltu deltek med eit post doc-arbeid.

Kvalitativ studie av pasientar sitt perspektiv på emosjonelle opplevingar i psykologisk behandling: Prosjektet vil bruke filmopptak av behandlingstimar som utgangspunkt for intervju som utforskar korleis arbeid med emosjonar i terapi er med på å skape endring. PhD-prosjekt ved Gøril Kleiven, Psykolog.