Fedme og livsstilsrelatert uhelse er veksande samfunnsutfordringar over heile verda. Difor trengst det forskingsbasert kunnskap om korleis ein best kan førebyggje og handtere desse tilstandane på måtar som ivaretek individet sin livskvalitet.

Credit: Canadian Obesity Network

Credit: Canadian Obesity Network

Forskingsgruppa Folkehelse, livsstil og overvekt (FLO) tek utgangspunkt i over 15 års erfaring med fedmekirurgi ved Førde sentralsjukehus og forsking på korleis personar med fedme kan få betre helse og livskvalitet gjennom livsstilsendringar i samarbeid med Haugland Rehabiliteringssenter.

I dei nyare forskingsprosjekta løftar forskarane blikket frå den eine pasienten med alvorleg fedme for å forklare kvifor så mange blir overvektige. Eit høgaktuelt tema er korleis samfunnet kan fange opp og førebyggje slike problem heilt frå barndommen av. Eit anna forskingsområde er metodikken sjølvrapportering, som går ut på at pasientar vurderer og rapporterer sin eigen helsesituasjon før dei møter til time hjå legen eller behandlaren sin. Denne informasjonen vert deretter nytta inn i konsultasjonen slik at ein stimulerer til reel brukarmeverknad.

Forskingsgruppa arbeider på tvers av fag og omfattar legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ernæringsfysiologar, psykologar, idrettsvitarar, samfunnsvitarar og kjemikarar. Forskingsgruppa vart etablert i 2015 og blir leia av førsteamanuensis John Roger Andersen.

Viktige forskingstema

  • Effektar av fedmekirurgi
  • Livsstilsbehandling av fedme
  • Sjølvrapportering og kliniske feedback system i behandling
  • Sjølvrapportert helse, livskvalitet og determinantar for dette i befolkninga
  • Fedme hos barn og ungdom
  • Fysisk aktivitet og livskvalitet hos barn og ungdom
  • Nye analysemetodar for blod i samband med behandling av fedme

    Klikk på bilde så vert det stort

Utvalde forskingsprosjekt

Rutinemessig måling av pasientrapporterte data med klinisk tilbakemeldingssystem i somatikken: I eit prosjekt leidd av Kirsten Indrebø ser forskarane på erfaringar med rutinemessig måling av pasientrapporterte data gjennom eit klinisk tilbakemeldingssystem. Pasientane det er snakk om har stomi, dvs. utlagd tarm. Eit liknande prosjekt, Brukarmedverknad i fedmebehandling, startar opp i 2016. John Roger Andersen er prosjektleiar. Eit PhD-arbeid inngår i prosjektet.

Førebygging og behandling av fedme: Forskingsgruppa har fire PhD-prosjekt knytt til førebygging og behandling av fedme. Anny Aasprang studerer langtidseffektar av femekirurgi i høve til helserelatert livskvalitet, Hege Kristiansen kartlegg risikofaktorar for overvekt og fedme hjå barn, Dag Fadnes forskar på fedme og inflammasjon, medan Pål Andre Hegland forskar på brukarmedverknad innan fedmebehandling.

Når det gjeld prosjekt utført av forskarar med PhD, studerer Eli Natvik pasienterfaringar knytt til fedme og fedmebehandling. John Roger Andersen med eit ulike prosjekt knytt til pasientrapporterte data frå fedmebehandling, og Villy Våge er involvert i fleire prosjekt knytt til effekten av ulike typar fedmekirurgi på ei rekkje helseutfall.

Prediktorar for helse og livskvalitet hos barn og ungdom: To forskarar, Tina Løkke Vie og Hans Johan Breidablik, arbeider med prosjekt knytt til prediktorar for sjølvopplevd helse. John Roger Andersen og Geir Kåre Resaland deltek i fleire forskingsprosjekt knytt til fysisk aktivitet, helse, livskvalitet og skuleprestasjonar.

Metabolikk og multivariat analyse: Forskarane Olav Kvalheim og Tarja Rajalahti Kvalheim arbeider med fleire helserelaterte forskingsprosjekt der dei nyttar metabolikk saman med eigenutvikla multivariate analysar. Du kan lese meir på Fjordomics sine heimesider.