PERSONLEG RETTLEIING

  • Senter for helseforsking. Vend deg til personar her for å få hjelp knytt til forsking og utvikling Ingen spørsmål er for små eller for store. 
  • Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking – KKF. Senterets hovudoppgåve er å styrke forskinga både i omfang og kvalitet ved å bidra med profesjonell forskingsstøtte og oppdaterte IKT-løysingar. Treng du hjelp av statistikar så kan dette senteret hjelpe deg. Kontakt Guro Mjanger, og ho formidlar kontakt

FINANSIERING AV FORSKING

  • Høgskulen på Vestlandet, sine samarbeidsmidlar (tidelegere Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag)
  • Helse vest sine opne forskingsmidlar. Fristen er 15 september kvart år. Ta kontakt med Senter for helseforsking i god tid før du søker.
  • Eksterne finansieringskjelder for helseforskning 
  • På dei interne nettsiden til Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet  finn du informasjon om: strategiske midlar hos Helse Førde knytt til dei strategiske forskingssatsingane, Helse Førde sine opne forskingsmidlar, Høgskulen på Vestlandet sine institusjonelle forskingsmidlar og Høgskulen på Vestlandet, (tidelegere Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag) sine forskingsmidlar

PLANLEGGING AV FORSKINGSPROSJEKT

Når ein startar nye prosjekt skal det skrivast ein prosjektplan. Forskingsprosjekt skal vere leiarforankra slik at både HF og HVL har oversikt over pågåande prosjekt.

TILGJENGELEG DATA 

Det finnes alt innsamla data som det er mogleg å få tilgang til for å forske på.

  • HRR. Ein metadatabasen, som er eit verktøy for forskarar, sakshandsamarar og andre som ynskje informasjon om dei viktigaste sentrale helseregistrene i Norge.
  • Folkehelseinstituttet. Her finner forskere og andre som søke om tilgang til data frå registre og helseundersøkinger, dei elektroniske søknadsskjemene dei trenge.
  • Samhandlingsbarometeret. Samhandlingsbarometeret er ein nettstad som skal gjere kunnskap tilgjengeleg for kommune- og spesialisthelstenesta i Sogn og Fjordane, og styrke grunnlaget for samarbeid mellom tenestenivåa.
  • Helsetilsynet. Oversikt over dei mest relevante leverandørane av data for tilsyn med sosiale tjenestar i Nav og helse- og omsorgstenestar.

LITTERATUR OG TOLKING AV RESULTAT

Både HF og HVL sine bibliotek kan hjelpe med  å skaffe litteratur. HVL sitt bibliotek er offentleg noko som betyr at alle kan nytte seg av det på same måte som vanlege kommunale bibliotek.

  • Helsebiblioteket. Dette virtuelle biblioteket gir tilgang til ei rekke ressursar og tidsskrift. Når du er innlogga på HF eller HVL får du automatisk tilgang. Du får tilgang til dette ellers også mot at du registererar deg. Tenesta er statsfinansiert og gratis å bruke.
  • HVL biblioteket. Dette biblioteket gir tilgang på ei rekke ressursar. HF tilsette kan bruke datamaskiner som står på biblioteket på Vie og få tilgang til artiklar.
  • Kunnskapsbasert praksis. Dette er eit gratis nettkurs i korleis ein kan halde seg fagleg oppdatert ved å systematisk søke, innhente og tolke litteratur.

STATISTIKK

Både HF og HVL tilbyr alle sine tilsette statistikkprogrammet SPSS. Ta kontakt med IT for å få dette installert.

  • The SPSS survival manual. Dette er ei god grunnbok i bruk av statistikkprogrammet SPSS der ein også får forklart på ein enkelt måte grunnleggande statistikk. Den innheld også ein sjølvlæringsmodul med eiga internettside.
  • SPSS On-Line Training Workshop. Nettressurs med video som viser dei vanlegaste SPSS prosedyrane.
  • Legeforeningen sitt nettkurs i statistikk med SPSS. Dette nettbaserte kurset med tilbakeldingar på innleveringar vert tilrådd  for dei som treng ei systematisk innføring som forpliktar i forhold til gjennomføring, Pris 5500 kroner.
  • PSPP. Dette er eit statistikkprogram som liknar på SPSS og som er gratis, men som har ein god del mindre funksjonar.
  • GPower. Dette er eit gratis program som kan berekne nødvendig statistisk styrke i ein studie, noko som er heilt nødvendig i planlegging av forsking.

SKRIVING OG REFERANSAR

FORBETRINGSARBEID

  • SQUIRE-guidelines. Korleis skrive ein god rapport om eit kvalitetsforbetringsarbeid?

SPRÅKVASK

For mange som ikkje har engelsk som morsmål så vil det ofte vere lurt å få gjort ein profesjonell språkvask av manuskriptet før ein sender det til eit internasjonalt tidsskrift. Betalar du vesentleg meir enn 1 krone per ord for språkvask der teksten er rimeleg OK i utgangspunktet så betalar du sannsynlegvis overpris i forhold til det marknaden kan tilby av pris & kvalitet. Sjekk nøye ut dei ulike byråa sine tilbod før du vel. Her er døme på byrå som er seriøse.

PUBLISERINGSKANALAR OG RAPPORTERING

DELING AV FORSKINGSDATA

Ei rekke tidsskrift krev etterkvart at data som forskinga baserar seg på skal vere  fritt tilgjengeleg.

  • Zenodo. Senter for helseforsking nyttar Zenodo til å lagre forskingsdata, som er ei teneste som gjer det mulig for forskarar, EU-prosjekter og institusjoner til å dele tverrfaglege forskningsresultat (data og publikasjoner).