To disputasar frå Førdemiljøet

Foto: Vidar Helle

Irene Valaker disputerer 29.11.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Continuity of care across care levels in patients undergoing percutaneous coronary intervention».

Personalia

Irene Valaker er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet som også har finansiert doktorgradsarbeidet. Ho har vore stipendiat ved Det medisinsk fakultet, Universitetet i Bergen. Professor Tone M. Norekvål har vore hovudrettleiar, medan professorane Bengt Fridlund, Maj-Britt Råholm og Jan Erik Nordrehaug har vore medvrettleiarar. Valaker er utdanna bedriftsøkonom, har klinisk spesialkompetanse i kardiologisk sykepleie og master i organisasjon og leiing.

Prøveforelesing

29. november 2019, klokka 10:15 i Aud. 4 i BB-bygget. Oppgitt emne: «Mixed methods» eller «multi methods»? Definisjon, design og bruksområder.

Disputas: 29. november 2019, klokka 12:15 i Aud. 4 i BB-bygget

 

Foto: David Zadig

 

Kari Eldal disputerer 09.12.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Sikkerheitsnettet som tek imot om eg fell – men som også kan fange meg. Korleis erfarer menneske med psykiske lidingar ei innlegging i psykisk helsevern? Eit samarbeidsbasert forskingsprosjekt mellom forskarar og brukarar.

Personalia

Kari Eldal (1972) har mastergrad i klinisk sjukepleievitenskap frå HIOA. Sidan 2011 har ho vore tilsett ved sjukepleieutdanninga i Førde, HVL. Ho tok forskarutdanninga ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet, UIB. Hovudrettleiar har vore professor Christian Moltu (Helse Førde og HVL). Førsteamanuensis Marius Veseth (UIB) og førsteamanuensis Eli Natvik (HVL) var medrettleiarar. Medforskingskoordinator i prosjektet var Åse Skjølberg. Medforskarar var Dorte Gytri, Solfrid Lillebø, Camilla Lykke Torp og Oda Brendehaug.

Prøveforelesning

09.desember 2019: kl. 10:15 – 11:00, aud. 129, Christiesgt. 12. Oppgitt emne: “Metoder i forskning på innleggelser i psykisk helsevern- tradisjoner, utfordringer og muligheter for å påvirke praksis i feltet”

Disputas

09.desember: kl. 11:30, aud. 129, Christiesgt. 12

 

Senter for helseforsking gratulerer begge kandidatane!