Tilbod om kliniske legemiddelstudiar i Helse Førde

Legemiddelstudium på kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus, Helse Førde. F.v.: Hematolog Damien Szatkowski, Studiesjukepleiar og kreftsjukepleiar Laura Merete Nyhammer, Studiekoordinator og kreftsjukepleiar Kristin Vassbotn Guldhav og Øyvind Elnes Foto: Camilla Aasen, avisa Firda

Det er eit nasjonalt mål å auke talet på kliniske legemiddelstudiar. Også pasientar ved i Helse Førde har moglegheit til å delta i slike studiar, og pasient Øyvind Elnes er ein av desse. -Eg har fått god informasjon både før og etter og kjenner meg veldig trygg. Eg vil delta fordi det kan hjelpe både meg sjølv og andre, og sidan eg er i god nok form til å vere med ville eg gjerne det, seier Elnes til avisa Firda.

-Legemiddelstudiar vert prioritert hos oss framover. Det er viktig for pasientane våre, det er viktig fagleg, og helseministeren har sagt at det er eit mål å auke talet på kliniske studiar i heile landet, seier forskingsleiar ved Helse Førde, Marit Solheim til avisa Firda.

For eit lite sjukehus er det ikkje utan utfordringar å delta i studiar med store krav til presisjon, kvalitet og ikkje minst logistikk, der testmateriale innan 24–48 timar må sendast til utlandet for utvida analysar. Desse utfordringane skal Helse Førde finne løysingar på, lovar Solheim.

– Det er kjempeviktig at Norge er med og bidreg i fellesskapet for å utvikle nye medikament. Vi må finne vår måte å gjere det på her, avsluttar ho.

Du kan lese heile saka i Firda her (abo).