Ledig stipendiatstilling ved campus Førde eller campus Sogndal

Stipendiatstilling ved Fakultet for helse- og sosialvitskap knytt til prosjektet «From substance abuse disorder to full participation in society»

… som er finansiert av Høgskulen på Vestlandet (HVL) og som vert gjennomført i samarbeid mellom HVL og Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning (KORFOR) i Helse Vest. Målet til prosjektet er å avdekke prosessar og faktorar som påverkar langsiktig tilfrisking for menneske som har vore i behandling for eit alvorleg rusproblem. Prosjektet bygger på både helse- og sosialfaglege kunnskapsperspektiv.

Stipendiaten vil vere del av forskingsgruppa for Psykisk Helse og Rus ved HVL, campus Førde, og forskingsgruppa for oppvekst, rus og sosial marginalisering ved HVL, campus Sogndal. Professor Christian Moltu (HVL), førsteamanuensis Lillian Bruland Selseng (HVL) og førsteamanuensis Jone Bjørnestad (UiS/KORFOR) vil utgjere rettleiargruppa i prosjektet.

Sjå heile annonsen og søk på stillinga her!

Søknadsfrist 7. april 2019!