Vil bli sett som eit heilt menneske. Ny vitskapleg publikasjon

Senter for helseforsking gratulerer PhD. stipendiat Kari Eldal med ny vitskapleg publikasjon. Kari seier følgjande om prosjektet:

I dette prosjektet intervjua vi 14 ulike personar medan dei var innlagt ved distriktspsykiatriske senter. Vi møtte desse menneska når dei var i ein sårbar situasjon – dei var prega av dårleg sjølvkjensle, og fleire av dei hadde tidlegare erfart å bli møtt på ein negativ og krenkande måte som prega dei i møte med andre menneske. Dette førte for eksempel til at dei kunne velje å trekke seg unna vanskelege situasjonar og møter.

Vi ville finne ut kva som hjelpte desse menneska til å bli betre når dei var innlagde. Hovudfunnet var at det som hjelpte mest var å kjenne at dei vart sett som eit heilt menneske. Det var to hovudtrekk som peika seg spesielt ut. Det første var å få anerkjenning for, og støtte for sin eigen identitet. Det at personalet tiltalte dei med namn  gjorde at dei følte seg sett som normale. Å få anerkjenning i form av små geister frå personalet var også viktig, og at personalet engasjerte seg, og delte litt av seg sjølv. Det andre var å få støtte for og forståing for at dei kjende på ambivalens mellom det å trenge nærleik og distanse medan dei var innlagt. Å føle seg trygg og ha tillit til andre var viktig, men det tok det tid å bygge, og eit stabilt personale var eit viktig tiltak for mange. Det var viktig å kjenne at dei fekk kontakt med personalet og å kjenne seg forstått. Av og til trengte dei fysisk og psykisk nærleik. Andre gonger visste dei ikkje sjølv kva dei trengte, og då var det viktig med respekt for ambivalensen dei kjente på. Det at personalet spurte dei og lytta til kva dei trengte, var eit enkelt og viktig tiltak.

Stipendiat Kari Eldal

Pasienthistorier gir sjukepleiarar unike moglegheiter til å diskutere og reflektere over eigen praksis i møte med sårbare menneske. Det å styrke brukarmedverknad og pasientane sine eigne styrkar, samt å normalisere, kan sjå ut til å vere hjelpsamt i møte med sårbare grupper.

Kari Eldal er stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet og medlem av forskingsgruppa Psykisk helse og rus. Denne artikkelen er den fyrste artikkelen av publikasjonane i eit doktorgradsarbeid som er eit samarbeidsprosjekt mellom menneske som har eigenerfaring med psykiske lidingar og forskarar. Menneske med eigenerfaring har vore med som medforskarar for å bestemme kva vi skulle forske på, vore med å utforme studia, samt vore med i analyse og formidling av funn.

Du kan lese heile artikkelen her!