Joanna Galek har fått opprykk til førstelektor

Joanna Galek ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Høgskulen på Vestlandet, har fått opprykk til førstelektor. Den sakkyndige vurderinga syner at Joanna Galek har dokumentert omfattende forskings- og utviklingsarbeid som tilfredsstiller krava til kvalitet og breidde. Galek sine interesseområder er grunnleggande sjukepleie, sjukepleie til eldre, legemiddelhandtering og velferdsteknologi. Galek har delteke i gjennomføringa av fleire pedagogiske utviklingsarbeid og studieplanarbeid. Fleire av Galek sine prosjekt har vore retta mot praksisfeltet og ho har utvikla eit utstrakt fagleg nettverk på tvers av institusjonar og helsetenestenivå. Galek har også involvert studentar i fleire av sine prosjekt.

Det siste året har Galek publisert tre vitskaplege artiklar som syner noko av det ho har arbeidd med. I tillegg har ho vorte mor til vesle Filip. Senter for helseforsking gratulerer Galek så mykje med opprykket!

Førstelektor Joanna Galek

Du kan lese artiklane hennar her:

Artikkel 1. Galek J., Zukrowski, M. Og Grov, E.K. (2018) Slik kan legemiddelhåndteringen bli mer forsvarlig og riktig. Sykepleien Forskning 

Artikkel 2. Galek J., Simonsen, M., Grov, E.K. & Sandvoll, A.M (2018) Besøk på sykehjem. En kvantitativ studie av sykehjemsbeboeres besøkshyppighet, Nordisk Tidsskrift for Helseforskning

Artikkel 3. Galek J. & Sandvoll, A.M. (2018) Gode øyeblikk med nettbrett på sykehjem, Geriatrisk Sykepleie