Ballettsensasjonen som las ein forskingsartikkel frå sjukehuset i Førde

Grete Sofie Borud Nybakken

Ballettsensasjonen Grete Sofie Borud Nybakken som har den enormt krevjande hovudrolla i Nasjonalballettens oppsetting av Svanesjøen som første norske dansar på 15 år, er gjest på Lindmo i kveld. 

I eit intervju i Dagbladet «Mange trodde nok jeg skulle gi opp. Men jeg kunne ikke gi meg» fortel ho om sin kamp for å komme attende frå skadar og sjukdom som var nær ved å ta knekken på karrieren hennar.

Ho mista mellom anna kjenslene i beina og hadde sterke smerter. Etter mykje om og men vart ho diagnostisert med lidinga kronisk losjesyndrom, som «kveler» sirkulasjonen og vevet i musklane i beina på grunn av stramme muskelhinner.

Til avisa fortel ho «Jeg googlet kronisk losjesyndrom, som den sjeldne tilstanden heter. Da dukket det opp en forskningsartikkel fra sykehuset i Førde. Legen som kunne hjelpe meg var Jan Roar Orlin»… «Hvis jeg skulle fortsette å danse, måtte jeg operere. Det gjorde jeg for ett år siden, og det gikk bra».

Kirurg og forskar Jan Roar Orlin

Den tidlegare Helse Førde kirurgen og forskaren Jan Roar Orlin, som opererte Nybakken, er av mange rekna som landets fremste ekspert på diagnostikk og behandling av kronisk losjesyndrom.

Dei siste åra han jobba i Helse Førde leia han eit stort forskingsprosjekt på temaet. Resultata har ført til nye diagnostiske metodar som fører til at fleire pasientar kan få hjelp tidleg.

Han har også utvikla ein protokoll for operasjon av kronisk losjesyndrom som knapt etterlet seg arr på leggane (kikholskirurgi), og der ein operer alle legghinnene (det vanlege er å berre operere den størst leddhinna). Denne moderne operasjonsmetoden gir betre resultat —spesielt med tanke på personar som driv idrett/dans på høgt nivå.

Når ballettsensasjonen Grete Sofie Borud Nybakken entrar scena på den Norske operaen i kveld (Lindmo er i opptak), sit doktor Orlin og kona blant publikum. -Det blir spesielt og vi gler oss stort, sier doktor Orlin i ein kommentar.

Publikasjonar frå forskingsprosjektet (open tilgang)

Orlin JR, Lied IH, Stranden E, Irgens HU, Andersen JR. Prevalence of chronic compartment syndrome of the legs. Scandinavian Journal of Pain. 2016; 12:7-12.

Orlin JR, Westbye HJ, Andersen JR, Øen J, Tjugum IJ, Roska J, Asved H, Hjelmeland K. Leg cramps in pregnancy caused by chronic compartment syndrome and relived fasciotomy after childbirth. Clinical Case Reports 2014; 2: 103–7.

Orlin JR, Øen J, Andersen JR. Changes in leg pain after bilateral fasciotomy to treat chronic compartment syndrome: a case series study. J Orthop Surg Res. 2013; 8(1):6.