Kva vil det sei å bli betre frå psykiske helseproblem? Eit ungdomsperspektiv.

Målet med helsetenestene er å hjelpe menneske til å få det betre. Likevel snakkar vi sjeldan om kva betring faktisk er. Skal vi forstå betring som ein reduksjon av psykiske symptom, å ikkje lengre kvalifisere til ein psykiatrisk diagnose, eller er det kanskje meir enn det?

Denne studien baserer seg på intervju med 22 ungdommar frå ulike BUP-ar i Helse Førde og Helse Bergen. Dei fleste ungdommane hadde mange års erfaring som brukarar av ulike helse- og sosialtenester, som til dømes BUP, barnevern og skulehelsetenesta. Vi intervjua dei om kva det vil sei å «bli betre» når ein har psykiske helseutfordringar.

Funna frå studien viser at betring er langt meir enn symptomreduksjon åleine. Ungdommane vektla at betring først og fremst handla om å utvikle ein tryggare identitet og meir sjølvstendigheit. Betring handla om å forstå og mestre følelsane sine, å bli meir robust i møte nye utfordringar i livet, å opne seg i nære relasjonar og å få eit auka funksjonsnivå, både akademisk og sosialt. Særleg interessant var at ungdommane i stor grad var einig om at å bli betre ikkje handla om å bli «frisk». Dei erkjente at livet kom til å by dei på mange utfordringar. Men no, i kraft av å ha blitt betre, var dei i stand til å møte desse utfordringane med mestringstru:

Når eg tenkjer på betring så tenkjer eg ikkje at du liksom blir «blir frisk». Men kanskje heller at du lærer nye måtar å takle ting. Så eg tenkjer ikkje at «no skal eg bli frisk frå alle mine problem», og viss eg skulle ende opp med å ha det bra blir eg eigentleg positivt overraska. Men, som eg sa, eg skal lære å takle ting… betre enn eg gjer no (jente, 17 år).

Psykolog Kristina Osland Lavik

Når eg begynte i BUP så tenkte eg at då skulle alt bli bra. Men det er ikkje sånn livet er. Altså, du skal vere lei deg nokre gongar og du… du er ikkje lukkeleg heile tida. Senke forventningane litt og «det er okei å vere lei seg og det er greitt å grine» og alt det der. Men du må lære deg å leve med det (jente, 16 år).

Kristina Osland Lavik er psykolog ved Psykiatrisk Klinikk i Helse Førde og tilknytt Forskingsgruppa for psykisk helse og rus. Ho er i oppstarten av eit doktorgradsløp om terapeutiske relasjonar i psykoterapi.

Artikkelen finns i fulltekst her

Kategorier: Nyheter