Kan sjølvrapportert helse i ungdomen predikere medikamentbruk i voksen alder?

Is self-rated health in adolescence a predictor of prescribed medication in adulthood? Findings from the Nord Trøndelag Health Study and the Norwegian Prescription Database

Sjølvrapportert helse (SRH), også kalla subjektiv eller sjølvopplevd helse, er eit mykje nytta helsemål som har vist klar samanheng med forbruk av helsetenester, seinare sjukdom og død. SRH er slik sett ein viktig helseindikator. Dei fleste studiar er midlertidig gjort på den eldre del av befolkninga og få har studert om SRH kan predikere spesifikke helseutfall over tid i den norske befolkning.

Formålet med denne studien var å undersøke i kva grad SRH i ungdomstida kan predikere bruk av legemidlar i tidlig voksen alder, basert på 18 år prospektive data frå 8982 ungdomar som deltok i Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT) i 1995–1997, og informasjon om reseptbelagde legemidlar i 2013–2014, henta frå Reseptregisteret.

Tina Løkke Vie

Kjønnsdelte analysar, justert for alder, sjølvrapportert medisinbruk, fysiske og mentale vanskar, røyking og fysisk aktivitet i ungdomen, viste eit klart dose–respons forhold for kvinner. Jo dårlegare SRH i ungdomen, dess høgare gjennomsnittleg legemiddelbruk i voksen alder, både når det gjaldt total forbruk og forbruk knytt til legemiddelgruppene: “Muskel og skjelett” , “Nervesystemet” og “Respirasjonsorgan”.

Slik kunnskap er viktig for å førebygge morbiditet i den vaksne befolkning. Resultata tyder på at helseoppleving og forventingar er viktig i utvikling av seinare sjukdom, samt at subjektivt vurdert helse er eit viktig mål på helse som også bør nyttast i framtida.

Tina Løkke Vie har doktorgrad i psykologi og er forskar og seniorrådgjevar i fag og utv.avd., Helse Førde. Ho er tilknytt forskingsgruppa for folkehelse, livsstil og overvekt, og underviser også i psykologi ved Høgskulen på Vestlandet, avd. Helsefag.

Lenke til artikkel finn du her

Kategorier: Nyheter