Beste poster i kategorien studentposter: «Eg kunne ikkje hatt det betre»

Studentane har gjort eit prosjekt i heimetenesta i Eikefjord. Dei fann ut at eldre som nytta seg av dagsenteret sitt tilbod er godt nøgd med kvardagen sin. Dei seie at dei kunne ikkje hatt det betre.

Beste poster i kategorien studentposter:
Sjukepleiarstudentane Miriam Andrea Aaberg, Kine Solheim, Marion Tyssedal Sundbotten og Maren Kristine Bjerke vann den gjeve prisen beste poster i kategorien studentposter, i samband med markeringa av Forskingsdagane. Rettleiar på arbeidet var Høgskulelektor Bente Gunn Melheim

Sjukepleiarstudentane: Miriam Andrea Aaberg, Kine Solheim, Marion Tyssedal Sundbotten og Maren Kristine Bjerke

Underernæring hjå eldre
Studentane sjå på kva helsepersonellet i kommunehelsetenesta gjere for å førebyggja underernæring hjå eldre i omsorgsbustadar. Forsking viser at underernæring hjå eldre vert stadig meir utbreitt.
I heimetenesta i Eikefjord vert ernæringstilstanden til eldre følgt opp med ein rekke førebyggjande tiltak. Tre dagar i veka kan bebuarar nytta seg av dagsenteret, der det i tillegg til aktivitetar vert servert felles frukost og middag. Helsepersonell fortel at pasientar som ikkje å deltar på dette er dei som ofte slit med underernæring. Pasientar som er undervektige eller i risiko for å utvikla underernæring vert følgt tett opp av heimetenesta. Det kan væra utfordrande å følgja opp pasientar som steller seg sjølv heime.

Grunngjevinga frå juryen:
Vinnaren i denne kategorien, har eit godt fagleg innhald og klart språk. Posteren har ei oversiktleg framstilling av både bakgrunn, framgangsmåte, funn og oppsummering. Problemstillinga kjem klart fram, og tekst og bilde illustrerer resultata på ein oversiktleg måte. Metoden er kvalitativ og funna viser korleis heimetenesta arbeider for å førebyggje underernæring hjå eldre i omsorgsbustadar.
I juryen sat fagdirektør Hans Johan Breidablikk, Helse Førde, førsteamanuensis Ole Tormod Kleiven, HVL og førstelektor Aud Berit Fossøy, HVL.