Taus praksis i sjukeheim

Artikkelen handlar om taus praksis i sjukeheim, og beskriv fleire eksempel på kva dette kan handle om. Materialet byggjer på ein kvalitativ studie med deltakande observasjon og intervju av pleiarar i to sjukeheimar. Stell og nær kroppspleie av hjelpetrengande og skrøpelege vert ofte beskrive som tungt og krevjande. Dette arbeidet inneheld sentral kunnskap som ikkje alltid er like lett synleg for omverda eller praktikarane sjølve. Den tause kunnskapen som ligg bak pleiarane sitt arbeid er difor viktig å utforske og beskrive. Pleiarane kjenner seg forplikta til daglege rutinar samstundes som dei handterer fleire uventa hendingar kvar dag, nokre kan vere særleg krevjande. Enkelte bebuarar kan ha ei åtferd som folk flest helst ikkje vil verken sjå eller høyre om. Pleiarar i sjukeheim handterer slik åtferd dagleg. Gjennom deltakande observasjon kom det fram at ei slik åtferd kunne vere vanskeleg å handtere også for pleiarane. Dei kunne kjenne på aversjon og irritasjon. Kjensler som var vanskeleg både å innrømme og ikkje minst å snakke om. Trass desse kjenslene kjenner pleiarane seg forplikta til å hjelpe alle bebuarar på same måte, noko funna i studien bekreftar at dei gjer.

Studien bidreg til å beskrive delar av taus praksis i sjukeheim. Deltakande observasjon er difor særleg eigna til å belyse tause praksisar eller praksis som aktørane sjølve ikkje er bevisste på. Dette er tema som folk flest kanskje helst ikkje vil høyre om, samstundes som det vert forventa at det blir utført. Noko som bidreg til å halde det taust. Ved å beskrive desse tause sidene av pleiepraksisen kan vi få auka forståing for nokre av dei meir krevjande sidene av pleiepraksisen. Dette er nyttig kunnskap både for studentar og praktikarar. Forfattaren foreslår at vi må prøve få til ein meir open kommunikasjon om den tause kunnskapen som ligg i arbeidet til pleiarane. Ein kunne til dømes nytte refleksjonsgrupper for å verte meir bevisste på dei tause sidene av arbeidet. Noko som vidare kan bidra til å forbetre praksis i sjukeheim.

Artikkelen er eit av bidraga i ei spesialutgåve i tidsskriftet International Practice Development Journal som handlar om erfaringar frå den nordiske velferdstaten sitt tause omsorgsfelt. Bidragsytarane er medlemar av forskingsgruppa Omsorgens grunnlag, fenomener og vilkår, Senter for omsorgsforsking, Vest.

Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll

Anne Marie Sandvoll er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Anne Marie er oppteken av eldreomsorg og leiar av forskingsgruppa kvalitet og innovasjon i eldreomsorga, Avd. for helsefag i Førde.

Lenke til artikkelen

Lenke til spesialutgåva

Kategorier: Nyheter