Fredag 29. september arrangerte Høgskulen Forskarnatt. Høgskulen inviterte 10.klassingar til ein heil aftan med forsking, pizza, og konkurranse.  Dei fekk mellom anna programmera roboten vår, vera sjukepleiar for ein kveld og sjå på forskingsresultat om den psykiske helsa til sunnfjordingar. Studentane på Høgskulen stilte som guidar og instruktørar.

Professor Christian Moltu fortel elevane at det er normalt å væra trist og nedstemt

Firda kom også. Saka frå Firda kan du lesa her (betalingsmur)

På Forskarstand-up gav tre forskarar ved Høgskulen elevane ei kort innføring i forskinga si. Her fekk elevane svar på kvifor ein skal gidda å læra matematikk av førsteamanuensis Preben Gråberg Nes. Førsteamanuensis Kjetil Magne Dørheim Hals fortalde om den nye teknologien spintronikk, som  kjem til å endra smarttelefonane våre. Ikkje minst fekk elevane  vita at sykling er litt farleg, men fram for alt sunt, av professor John Roger Andersen. Han stilte på scena med både tights, sykkelhjelm og sjukepleiarfrakk .

Forskarnatt er eit internasjonalt arrangement som skjer samtidig over heile Europa. Meir enn 300 byar i 30 land er med. I år var Førde med for fyrste gong. Arrangementet skal visa fram forskingas samfunnsbetyding på ein engasjerande og interaktiv måte, og samtidig oppmuntre til utdanning og mogleg forskarkarrierar.

Klare ein å sleppa eit egg frå andre etasje. Er det mogleg?

 

Kategorier: Nyheter