Snakk med oss om kliniske studiar!

Gjennom forsking får vi tilgang til ny kunnskap om kreftbehandling og kreftmedisin. Visste du at pasientane sjølv kan be om å få delta i kliniske legemiddelstudiar, og på den måten få tilgang til ny og utprøvande behandling?

Kreftavdelinga i Helse Førde tilbyr nemleg pasientar å delta i kliniske studiar som testar ut nye behandlingar, både her og ved andre sjukehus.

I samband med Forskingsdagane 2017 kan du fredag 29. september klokka 10.00 til 13.00 treffe tilsette ved Kreftavdelinga i vestibylen på Førde sentralsjukehus. Der kan du få meir generell informasjon om kva det inneber å vere med i eit klinisk forskingsprosjekt, og korleis ein klinisk forskingsstudie går føre seg.

Ved kreftsjukdom vil den som er råka få tilbod om behandling basert på nasjonale retningsliner. Dei nasjonale handlingsprogramma for kreft inneheld tilrådingar om diagnostikk, utgreiing og behandling. Desse retningslinene frå Helsedirektoratet er å betrakte som tilrådingar, basert på oppdatert fagleg kunnskap utvikla nettopp gjennom klinisk forsking. Målet med forskinga er kunne å gje tilbod om betre og tryggare behandling. Dette kan vere i form av behandling som kan kurere, bremse sjukdomsutvikling eller gje betre lindring og livskvalitet.

Tett oppfølging, godt ivaretatt

KREFTAVDELINGA I FØRDE: Desse kan du risikere å treffe på Førde sentralsjukehus fredag 29. september: Bak frå venstre overlege Mats Holmberg, overlege Damian Szatkowski, overlege Helge Sårheim, lege i spesialisering (LIS) Liv Jorunn Vassbotn og avdelingsoverlege Geirfinn Vagstad. Framme frå venstre LIS-lege Liudmyla Khastovych, LIS-lege Ane Rømmen, LIS-lege Ragnhild Frøyen, LIS-lege Thakshajini Sivapalan Blegeberg og kreftsjukepleiar/studiekoordinator Kristin Vassbotn Guldhav. Overlege Marta Pawlikowska var ikkje til stades då biletet blei tatt.

Kliniske forskingsstudiar handlar om å dokumentere effekt og tryggleik ved bruk
av nye behandlingar. Ein viktig del av den kliniske forskinga er utprøving av ny og mogleg betre medisin. Nøye overvaking av biverknader er ein like viktig observasjon som effekt på sjukdom.
– I ein del tilfelle er dette eit tilbod om behandling som elles ikkje er tilgjengeleg. Utgangspunktet for ein klinisk legemiddelstudie er at ein trur det medikamentet eller medikamentkombinasjonen ein vil prøve ut gir tilsvarande eller betre effekt enn standardbehandlinga, seier avdelingsoverlege Geirfinn Vagstad ved Kreftavdelinga i Førde.
– Pasientar som deltek i studiar rapporterer ofte at dei føler at dei får tettare oppfølging og blir godt ivaretatt. Samstundes kan det å vere deltakar i ein studie bety at ein eventuelt må ha litt fleire besøk på sjukehuset, seier kreftsjukepleiar og studiekoordinator ved Kreftavdelinga, Kristin Vassbotn Guldhav.
Kreftavdelinga i Helse Førde er per i dag med i forskingsprosjekt mellom anna innan lindrande behandling, brystkreft, myelomatose (beinmargskreft) og Myelodysplastisk syndrom (beinmargssvikt).

Snakk med legen din om forsking

– Målet er at vi på sikt skal kunne tilby studiar innan fleire kreftformer og behandlingar, slik at pasientar kan sleppe å reise ut av eige fylke for å delta i kliniske studiar. Det er ressurskrevjande å drive med forsking, så tilbodet må byggjast opp gradvis. På dei område der Kreftavdelinga ikkje sjølv deltar i forskingsstudiar, har ein eit samarbeid med andre sjukehus i landet, seier studiekoordinatoren.
– Det er viktig for oss på kreftavdelinga at folk er klar over at ein kan snakke med legen sin om forsking. Om ein har ei kreftform som ikkje er omfatta av forskinga som vi er med på i Helse Førde, så har vi oversikt over og vurderer forskingsprosjekt ved andre institusjonar. Pasienten kan få hjelp til å bli tilvist til andre sjukehus der det kan vere aktuelle forskingsstudiar og vidare bli vurdert for tilbodet der, fortel Kristin Vassbotn Guldhav.

Ei felles nettside med alle kliniske forskingsprosjekt er tilgjengeleg på www.helsenorge.no.
Det er også nyleg laga ei informasjonsbrosjyre om kliniske studiar.