Forskingsdagane

 2017 er i gang for fult!

Posterutstilling:

I dag startar posterutstillinga som er eit samarbeid mellom fagmiljøa på Høgskulen og Helse Førde. Her får ein innsikt i forskinga som føregår på dei to institusjonane. Ein kan sjå posterutstillinga i Vestibylen på sjukhuset og i inngangspartiet på Høgskulen.

Tysdagsdebatten: «Vitskap utan formidling er ikkje vitskap»

Aldri før har det vore fleire forskarar i Sogn og Fjordane enn i dag. Desse forskarane utfører meir forsking og publiserer jamnare og oftare i internasjonale renommerte fagtidsskrift enn nokon gong. I Sogn og Fjordane bør vi vere både glade for og stolte av dette. Dyktige forskarar og framifrå forsking er i seg sjølv eit aktivum for fylket vårt.

Journalist Helge Johnsen og prorektor Bjørg Kristin Selvik vil innleie om forholdet mellom regionen, høgskulen og forskinga vår. Eit panel med fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførar i Førde Olve Grotle, leiar i Sunnfjord næringsutvikling Rolf Sanne-Gundersen og konstituert viseadministrerande direktør i Helse Førde Anne Kristin Kleiven diskuterer kvifor Høgskulen er så usynleg i samfunnsdebatten.

Tid: Tysdag 26.september kl 19–21
Stad: Biblioteket på Høgskulen, Førde (ved Sjukhuset)

Dropp-inn seminar 29. september 2017

Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde inviterer deg til ein twist-pose av eit seminar. Her får du med deg noko av det nyaste innan forsking frå helseforskingsmiljøet i Førde. Du berre «droppar inn» på dei føredraga DU synest er interessante!

Del 1. Stad: Førde sentralsjukehus, Auditoriet i 2.etasje.

Fredagsmøte
08:00 – 08:45 Maria Holsen: Om knesmerter, vernepliktige og kirurgi – presentasjon av avhandling om MR diagnostikk og langtidsresultat etter kirurgisk behandling.

Tema: Samhandling på kryss og tvers
09:00 – 09:20 Nyonga R. Amundsen: Innovasjon innanfor tolketenesta.
09:30 – 09:50 Tanja Strandheim: Det handlar om å bli kjent med kvarandre. Samhandling mellom primærhelsetenesta og døgnavdeling i distriktspsykiatrisk senter.

Tema: Psykisk helse – Verdiar og verdighet
10:00 – 10:20 Trond Aarre: Kva praktisk nytte har vi av dagens psykiatriske diagnostikk? (videooverf)
10:30 – 10:50 Stig Magne Solstad: Kva er viktig for deg? Eit lynkurs om meininga med livet.

Tema: Kunnskapsbasert praksis
11.00 – 11:20 Helga Osvold: Prøvetaking til blodkultur – myter og ny kunnskap. Slik jobbar vi med å utvikle kunnskapsbaserte fagprosedyrer på nasjonalt nivå.

Del 2. Stad: Høgskulen, Campus Førde, Auditorium Sogn

Tema: Pårørande
11:30 – 11:50 Marianne Fjose: Eldre kreftpasientar i palliativ fase og dei næraste familiemedlemmane sitt behov for hjelp og støtte.
12:00 – 12:20 Bente Egge Søvde og Gro Hovland: Streben for å oppretthalde eit verdig liv. Kommunale helsetenester sett ifrå pårørande si side.
12:30 – 12:50 Toril Terum: Samanhengen mellom nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande.

Tema: Verdiar og verdighet
13:00 – 13:20 Lars Kyte og Ole T. Kleiven: Sjukepleieverdiar under press
13:30 – 14:00 Wenche H. Vallestad og Marit Anita Sunnarvik: Verdigheit til siste andedrag – ein fenomenografisk studie av intensivsjukepleiarens oppfatningar.