Irene Valaker (til høgre på biletet) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) Campus Førde, ser i sitt doktorgradsprosjekt nærare på pasientane sine behov for kontinuitet og samanhangande tenestetilbod etter utblokking av koronararteriar (PCI).

Ved hjelp av både kvalitative og kvantitative metodar undersøker ho erfaringar og sjølvrapportert helse hos pasientar som har gjennomgått utblokking av kransårane (PCI). Det er pasientane sine stemmer som skal fram i forskninga, og pasientrapporterte data blir kombinert med kliniske utkommemål.

Valaker sin første studie viste at pasientane var nøgde med den tekniske delen av behandlinga, men at nokre opplevde manglande informasjonsflyt, uklare ansvarsforhold og oppfølgingsavtalar. Valaker og medarbeidarane konkluderer med at det er behov for ei sterkere integrering av akuttbehandling og oppfølging/rehabilitering.

Valaker og hennar medforfattarar har publisert artikkelen «Continuity of care after percutaneous coronary intervention» i European Journal of Cardiovascular Nursing. Artikkelen blei valgt ut til ESC Virtual Journal (Link). Artikkelen har vidare fått omtale i UNIKARD som oppsummerar norske publikasjonar innan hjarte- og karforskning.

Valaker har vore med å utvikla ideen til prosjektet CONCARDPCI som blir leia av professor Tone Merete Norekvål (til venstre på biletet). Hovedstudien skal inkludere 3000 pasientar fra 6 PCIsenter. Prosjektet har breitt samarbeid med primærhelsetenesta, pasientorganisasjonar, læringsog mestringsnettverk i Sogn og Fjordane og i Hordaland, Senter for helseforskning i Førde og 6 store PCI senter i Norge og Danmark. Prosjektet er organisert i 4 arbeidspakkar som involverer fleire forskarar på ulike nivå.

Forskningsgruppa vil ha fokus på kontinuitet, medikamentetterleving, rehabiliteringsdeltaking, og helserelatert kompetanse hos brukarane. Prosjektet vil og undersøke bruken av helsetenester, kostnader og prediktorar for («å forutseie») kostnadar på tvers av sektorar. I tillegg vil det bli gjennomført ein randomisert kontrollert studie (RCT) i forhold til e- helse. Enkelt forklart kan RCT fortåast som at ein samanliknar med ei «kontrollbehandling».

CONCARDPCI fikk nyleg finansiering av Helse Vest RHF. Målet er å framskaffe forskningsbasert kunnskap for å kunne sikre betre ressursutnytting og samhandling, samt utvikle og evaluere metodar for å kunne redusere eit potensielt gap mellom forskning og klinisk praksis.

Valaker er ph.d – stipendiat ved Universitetet i Bergen, og doktorgradsprosjekt er finansiert ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Rettleier er Professor Maj-Britt Råholm ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde.

Saken er henta frå Samhandlingsnytt august/september 2017

Kategorier: Nyheter