Ny vitskapleg publikasjon!

Tilgang til informasjon og rådgjeving frå heimetenesta: Rapport frå eldre kreftpasientar
Artikkelen baserer seg på funn frå masteroppgåva mi i samhandling innan helse- og sosialtenester. Det blei nytta eit spørjeskjema i denne tverrsnittstudien. 174 eldre kreftpasientar deltok. Følgjande forskingsspørsmål blei undersøkt:
I kva grad vurderte eldre kreftpasientar at heimetenesta tilbydde hjelp til:

  •  informasjon om
    1) sjukdom og behandling
    2) konsekvensar og komplikasjonar av kreftsjukdomen
  •  rådgjeving om
    3) ernæring
    4) fysisk aktivitet

Eit fleirtal (67-77%) av deltakarane rapporterte om låg grad av tilgang til informasjon og rådgjeving . Dei deltakarane

Kristin Vassbotn Guldhav er kreftsjukepleiar ved Kreftavdelinga, HF

som hadde kontakt med ein kreftkoordinator eller kreftsjukepleiar, rapporterte om signifikant høgare grad av tilgang til informasjon om sjukdom og behandling (p = 0,03), ernæringsråd (p = 0,04) og råd om fysisk aktivitet (p = 0,04) samanlikna med dei som berre hadde kontakt med ein sjukepleiar og heimehjelp i heimetenesta.
Implikasjon for praksis er tilbod om kreftkoordinator/kreftsjukepleiar i kommunen kan gje eldre heimebuande kreftpasientar større grad av tilgang til informasjon og rådgjeving.

Studien var ein del av det større prosjektet «Eldre kreftpasienters tilgang til og bruk av helse-og omsorgstjenester – implikasjoner for tjenesteutforming», finansiert av Kreftforeningen. Prosjektet var leia av professor Ellen Karine Grov og professor Siri Ytrehus.

Kristin Vassbotn Guldhav er kreftsjukepleiar ved Kreftavdelinga, HF, der ho er tilsett i Palliativt team. Frå oktober 2016 har ho hatt permisjon for å jobbe som studiekoordinator ved Kreftavdelinga. Dei siste to åra har ho i tillegg hatt ei 20 % stilling som regional medarbeidar for Kompetansesenter i lindrande behandling (KLB), Helseregion Vest.
I 2015 avslutta ho masterutdanninga si ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Rettleiarar: Ellen Karine Grov og Randi Jepsen

Link til artikkel (ikkje er OA)