Første UiB-stipend nokonsinne til forskar frå Helse Førde

Som den første nokonsinne i Helse Førde er revmatolog og overlege Anja Myhre Hjelle ved Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR) tildelt 50 prosent doktorgradstipend ved Universitetet i Bergen, Institutt for Global Helse og samfunnsmedisin. 

Brot hjå beinskjøre
Forskinga omhandlar osteoporose og mellom anna risiko for brot hjå pasientar med cøliaki. Ein stor case controll studie drive av Helse Førde er no i sluttfasen, der til saman 400 pasientar med brot i handledd eller ankel vert samanlikna med 200 friske personar, alle rekruttert frå Sogn og Fjordane. Resultat frå denne studien (FABB) er del av doktorgradsarbeidet til Anja Myhre Hjelle, men også ei etterundersøking av personar med osteoporose ifrå Helseundersøkelsen i Hordaland (HUSK) skal publiserast.

anja-myhre-hjelle_3

Hovudrettleiar er professor Grethe S. Tell ved UiB. Medrettleiarar er mellom anna seksjonsoverlege og PhD Pawel Mienik ved revmatologisk avdeling Førde og PhD Ellen Apalset, overlege ved revmatologisk avdeling Haukeland Universitetssjukehus. Der er og samarbeid med professor og gastroenterolog Knut E. Lundin ved Rikshospitalet.
Målretta og langsiktig arbeid
– Dette er resultat av eit målretta og langsiktig arbeid, både frå mi side, men ikkje minst frå ANRR, revmatologisk avdeling og Senter for Helseforsking si side. Dei har heile vegen lagt forholda til rette og vist stor vilje til å få gjennomført eit slik prosjekt. For føretaket og Senter for helseforsking er dette difor ein milepæl, seier Myhre Hjelle. – Det viser at det er mogeleg å drive god pasientnær forsking også i mindre føretak som vårt, berre ein i organisasjonen er villig til å satse.
To med doktorgrad
Marit Solheim ved Senter for helseforsking har følgt prosjektet sidan starten.
– Suksessformelen er ein prosjektleiar med idear, nysgjerrighet, tålmodighet og guts, og felles langvarig innsats i fagmiljøet, seier ho.
Avdelingssjef Signe Nordvik understrekar på si side at forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene i helseføretaka, og at også dei små har ansvar for å bidra.
Etter dette prosjektet  vil vi ha to med doktorgrad på revmatologisk avdeling, og vi har lagt grunnen for nye oppfølgande prosjekt, gjerne i samarbeid med andre fagmiljø, seier Nordvik.
Tekst og bilete: Per Marifjæren.